Høgefoss kraftverk

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. mars 2023 kl. 12:45 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bygland)
Hopp til navigering Hopp til søk

Høgefoss kraftverk er eit vasskraftverk ved Høgefoss i Nissedal kommune i Telemark.

Nisserelva er demd opp ved Svåfossen, og kraftverket nyttar eit fall på 64 meter frå reguleringsmagasinet Kjørull som er tillatt regulert mellom 222 og 220 moh. Elva er ein del av Arendalsvassdraget.

Vatnet blir ført gjennom ein 1 450 meter lang tunnel frå inntaket ved Sanderhylen.

Det er installert to aggregat, eitt i den gamle stasjonsbygningen (nytt i 2022–2023) og eitt inne i fjellet, og midlare årsproduksjon er rekna til totalt er 172,6 GWh. Det tilsvarar årsforbruket til 10 800 bustader.

Bygland kyrkjebygd fekk elektrisk straum 10. oktober 1922. Straumen kom frå Høgefoss kraftverk.

Kjelder

Kart