Dyrebutikken Evje
Dyrebutikken Evje er ein dyrebutikk i dei tidlegare lokala til Nettdyret.no i Verksvegen 17 heilt sør på Verksmoen på Evje. Frå etableringa i 2021 til vinteren 2022/2023 var namnet på verksemda Setesdal Dyresenter. Innehavar er Silje Sløgedal Eikås.
Butikken har fôr og utstyr til hund, katt, kanin, gnagarar, fugl og fisk. Han heldt stort sett fram med same varesortiment og dei same hunde-/kattefôrmerka som var i den gamle Nettdyret-butikken.