Bjoren Brygge

Foto: Reidar Tveito.
Bjoren Brygge eller Brygga, som staden vert kalla på folkemunne, er ein koseleg liten serveringsstad som ligg nede ved fjorden i Byglandsbygda. Næraste nabo er bygget der Glashytta i Setesdal i mange år heldt til, nå Stoga Bygland. Vertskapet på Brygga var først Tone Simonstad Knutsen og Gro-Tove Frafjord Helle, som frå november 2010 også dreiv Tappen i sentrum av Bygland. I dag (2021) er det Jan Tore Leifsen som driv verksemd her. Brygga har faste opningstider i juli månad, men er og open for arrangement utanom faste opningstider.
Kjelder
- Ole Birger Lien, Mykje på Brygga i sommar!, artikkel i Setesdølen nr. 41, 2021, side 3