Hisdalsheii

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. mai 2022 kl. 08:19 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hisdalsheii med Bjørndalsvatnet i framgrunnen.

Hisdalsheii er eit fjell (485 moh.) rett sør for Bjørndalsvatnet og vest for Kosvatn heilt vest i Evje og Hornnes.

Hisdalsheii var ein av toppane i Otra IL skigruppa sitt turopplegg Ti toppers i 2015, og igjen i 2022. Frå Hornnes køyrer ein Fv-42 (Sveindalsvegen) ca 15 kilometer til parkeringsplass i vestre enden av Bjørndalsvatnet, rett før ein kryssar fylkesgrensa til Vest-Agder. Herfrå kan ein gå langs skogsbilveg sør-austover ca 1,4 kilometer. Der vegen sluttar må ein følge terrenget til toppen, ca 1,1 kilometer. Det siste strekket i terrenget er merka.

Kart

Laster kart ...