Tømmerfloting
Tømmerfloting er transport av tømmer nedover vassdrag eller over sjøar. Det har vore flota tømmer i Otra i uminnelege tider. Men verksemda fekk truleg ikkje eit større omfang før på 1600-talet. Flotinga heldt fram heilt til slutten av 1970-talet. Organisasjonen Fellesfløtningen i Otra var verksemda (foreninga) som organiserte flotinga av tømmer i Otra-vassdraget frå 1829 til ho tok slutt.
Kjelder
- Andreas Vevstad, Fosskarane og Åna, utgjeve av Fellesfløtningen i Otra, 1999
- Artikkelen om tømmerfloting på Wikipedia (bokmål), besøkt 23. april 2022
- 🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.