Salve Flateland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. september 2010 kl. 09:36 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Ein start)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Salve Flateland (fødd 1930 i Mykland, død 13. september 2010 på Evje, gravlagd frå Evje kyrkje 17. september 2010 klokka 13) var skogbruksleiar i Agder Skogeigarlag med Evje og Hornnes kommune som arbeidsfelt.

Han hadde gått skogbrukskurs ved Skogskulen i Bygland. Deretter fekk han i 1958 jobb i Agder Skogeigarlag som teknisk konsulent. Då monterte han taubanar i Setesdal. Sidan vart han skogbruksleiar med Evje og Hornnes kommune som arbeidsområde. I periodar var han også skogbruksleiar i Mykland og Iveland. Han hadde skogeigedom i Mykland som han tok seg av ved sida av jobben i Agder Skogeigarlag. Då han vart pensjonist i 1995 hadde han hatt heile sitt arbeidsliv i Agder Skogeigarlag.

På fritida var han engasjert i Lions. Han etterlet seg kona Randi og døtrene Anne Berit og Gunn Emma.

Kjelde