Munnharpe (cd)

Munnharpe (cd) er eit musikkalbum som kom ut på Etnisk Musikklubb i 2012. Det er Sigurd Brokke sitt første soloalbum, men også på dette er Daniel Sandén-Warg med, denne gongen som gjesteartist på fire spor. Slåttane på denne plata er av nyare dato, men likevel baserte på fele- og vokaltradisjonen i Setesdal.
I samband med utgjevinga seier Sigurd Brokke: «For slåttane har det ikkje alltid vore eit mål å lage så nøyaktige munnharpeversjonar av feleslåttane som råd er. Dei to instrumenta er ulike på mange vis, så eg kjenner meg ikkje heilt bunden til feletradisjonen. Slik har det nok òg vore i eldre tid. På gamle arkivopptak kan ein finne munnharpeformer som er temmeleg ulike feleformene frå same området. Samstundes finn ein munnharpeslåttar som inneheld element frå fleire ulike feleslåttar.»
Det fylgjer òg med ein «bonus-CD» til utgjevinga. Her er det berre munnharpespel. Bonusplata vart spelt inn samstundes med hovudplata og inneheld nye versjonar av slåttar som Sigurd Brokke tidlegare har gjeve ut. Heftet inneheld informasjon om alle slåttane og stevtonane på platene på norsk og engelsk.
«I røynda er dette festmusikk; tonane smell av mot taket som champagnekorkar! (...) Produsent, miljø og musikkvener lyt sjå til at det vert ein Spelamnnspris av dette.» Hallgrim Berg[1]
Spor
- Klunkaren
- Gangar etter Tarkjell Aslakson Austad
- Den kaldsteikte
- Gravbakken (Daniel)
- Faremoans brureslag
- Nordalaupen
- Homslien
- Gangar etter Borgår Hovet
- Homslien (Daniel)
- Fossegrimen
- Tre stevtonar
- Buseten
- Tveitåen
- Gangar etter Petter Veum (Daniel)
- Løyningen
- Gamlestev-tone
- Homslien
- Faremoen
- Fosslien (Daniel)
- Sylvdropen
- Nere Nese
- Strømsingen
- Bånsull
Bonus-cd
- Huldreslåtten
- Bestelanden
- Hopparen
- Gamlestev-tone
- Gausålen
- To stevtonar
- Munnharpeslått etter Gunnar Andresson Heddi
- Fanten
- Sordølen
- Fiskaren
- Filleværen
- Uppstaden
- Rammeslått 1
- Nordafjells
- Fire stevtonar
- Skjoldmøyslaget
Referansar
- ↑ Munnharpe for alle tider. Artikkel i Setesdølen nr. 55, 2012 side 3