Stev
Stev er eit vers på fire liner som kan stå for seg sjølv og gje full meining. Det du vil ha sagt skal du seie på fire liner. I dag set ein ofte saman ulike stev som omhandlar same tema til lengre stevrekker, slik at ein får ein song.
Det er to typar stev: Nystev og Gamlestev.
Tradisjonen har rom for personleg utforming og variasjon. Det finst registrert kring 25–30.000 stev frå Setesdal, og kring 40 ulike stevmelodiar. Ettersom alle nystev har same verseform (og det same gjeld for gamlestev), kan dei ulike melodiane brukast på dei stevtekstane som finst.
Det blir også dikta nye stev. Stev blir bruka i reklame, som debattinnlegg, i søknader, og som verseform i takketalar og helsingar til bryllaup, konfirmasjonar m. m. Det kan nemnast spesielt at stev blir ofte bruka i lokalavisa (Setesdølen) og mållagets jolehefte (Jol i Setesdal).
Kjelder
- Om stev på immateriellkulturarv.no
- Kim Rysstad, Or Setesdal, 2021, side 54–56