Austadportalen
Austadportalane er to portalplankar fra Austad stavkyrkje i Bygland. Dei vart overførte til tømmerkyrkja på 1600-talet og seinare til Oldsaksamlinga. Då skal dei ha vore «i afkappet og forhugget tilstand sammenslaaede til en dør».
Motiva i utskjeringane er, som t.d. på portalane frå Hylestad og Vegusdal, frå Volsungesaga, men Austadportalane konsentrerer seg om siste delen av segnkrinsen og skildrar lagnaden til Hogne og Gunnar. Elles har portalen ornament av telemarkstypen med vertikalt oppstigande dyrehovud.