Standardfossen
Standardfossen var ein foss eller eit stryk i Otra, rett nord for kommunegrensa mellom Evje og Hornnes i sør og Bygland i nord. Det var her det blei bygt ein reguleringsdam då Byglandsfjorden blei demt opp første gongen, etter konsesjon gitt 30. mars 1903. I dag ligg Byglandsfjord dam nokre få hundre meter lenger sør.
Kjelder
- Olav Bø, Setesdal – frå utkantbygder til kraftsentrum, Det Norske Samlaget, 1991, side 146