Skåmedalen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 12. februar 2022 kl. 19:45 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Småpuss)
Hopp til navigering Hopp til søk

Skåmedalen er eit dalføre på heia vest for Skomedal i Bygland. Skåmåni renn gjennom dalen og ned dalsida til Otra frå vest. Sør i dalen ligg det svære myrområdet Skomefita. Det går skogsbilveg (bomveg) bratt opp lia til Skåmedalen frå Riksveg 9 på Skomedal.

Gamal busetting

Det er sterk tradisjon om rydding og gamal busetting i Skåmedalen. Johannes Skar har skrive mykje om dette i Gamalt or Sætesdal. Det er åkerreiner og merke etter åkrar til dømes i Jørundli, på Longeli og på Ormholtet. Her er det også rydningsrøyser. Etter nedgangen midt på 1300-talet blei dei gamle gardane støylar, medan folka busette seg nede på den smale jordstripa mellom heia og fjorden.

Kjelder

Kart