Nordgarden syndre (Bygland gnr. 29 bnr. 2)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 7. februar 2022 kl. 23:33 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Orto)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordgarden syndre 1. mai 2017.

Nordgarden syndre («Opp i Nordgarden», «Sø i Nordgarden») er eit gardsbruk (gnr. 29 bnr. 2) i Nordgarden i Åraksbø i Bygland. Husa i bruket ligg ca. 100 meter opp frå (aust for) bygdevegen, litt nord-aust for Haugenloftet. Det er ikkje fast busetnad på bruket lenger. Heimelshavar (2017) er Torgrim G. Nordgarden (f. 1941). Han er busett i Vennesla.

På bruket står det eit staseleg bur, bygt av uvanleg stort og fint tømmer. Det er bygt ca. 1614.

Kjelder