Solbakken (Evje og Hornnes gnr. 38 bnr. 5)

Foto: Geir Daasvatn
Solbakken er ein liten fråflytta eigedom (gnr. 38 bnr. 5) på om lag 5 daa ved Stien i Evje. Eigedomen blei skild frå bnr. 1 i 1902. Det var eit lite bustadhus og ein låve på eigedomen. I 2022 står bare låven att. Marit Øydne (f. Stausland, 1943) er heimelshavar. Ho er dotter av Alf Stausland og Gudny Hommen.