Torbjørn Frøysnes

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 16. september 2010 kl. 21:05 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (ein start)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Torbjørn Frøysnes (fødd 11. desember 1946 i Arendal) er ein norsk diplomat og politikar for Høgre. Han vaks opp på Byglandsfjord. Etter gymnaset studerte han på Universitetet i Oslo og vart cand.polit. i 1973. Same året starta han som aspirant i Utanriksdepartementet. Han var personleg sekretær for Svenn Stray frå 1981 og frå 15. juni 1984 var han statssekretær i Kåre Willoch si regjering. Sidan var han leiar av Norsk Turistråd. Frå 1989 til 1993 var han stortingsrepresentant for Høgre frå Aust-Agder. Han har vore ved ambassaden i Bonn og frå 2003 er han ambassadør til Europarådet.[1]

Heder

27. august 2004 vart han utnemnd til Ridder av 1. klasse av Den Kongelige Norske Fortjenstorden.

Referansar