Lislevatn
Lislevatn er eit lite vatn i Otra-vassdraget rett nord for Hovden og sør-vest for Breidvatn i Bykle kommune, øvst i Setesdal. I samband med Brokke 3-utbygginga 1979-1984 vart vatnet frå Otra overført frå Lislevatn til Store Førsvatn og derfrå vidare til Vatndalsvatnet gjennom eit omfattande tunnelsystem. Det er bygt ein terskel nedstraums utlaupet av Lislevatn for å kunne halde oppe normal vasstand og for å gi moglegheit for slepp av minstevassføring.
Kjelder
- Olav M. Holen, Nordbygdi - slik ho var, 2. utgåve, 2013, side 405
- Otteraaens Brugseierforening, Revisjonsdokument – Reguleringskonsesjoner i Otravassdraget, 2021, 34