Raffineringsverket AS
Raffineringsverket AS var eit selskap som stod for drifta av Flåt gruve og Evje nikkelverk i den tredje driftsperioden 1927–1946. Dei sentrale mennene bak oppstarten av selskapet var Sigurd Giertsen, Roald Breien og Eivind Eckbo. Dei var støtta av tysk kapital. Selskapet eigde i starten også raffineringsverket i Kolsdalen i Kristiansand, som var gått konkurs i 1926.
Det synte seg fort at Raffineringsverket AS hadde for lite kapital. Vedlikehald og modernisering blei eit stort problem for selskapet. Selskapet kom raskt på konkursens rand. Då fekk direktør Giertsen i 1929 seld raffineringsverket i Kristiansand til det nyskipa canadiske selskapet Falconbridge. Hans eige selskap, Raffineringsverket AS, skulle framleis eige gruva på Evje og smeltehytta der. I tillegg sikra han seg ein gunstig avtale om smelting av nikkelmatte frå Evje på Falconbridge sitt anlegg i Kristiansand i 15 år framover.
Raffineringsverket AS dreiv gruva i Flatebygd og smelteverket på Evje til det blei slutt på malmen mot slutten av 2. verdskrigen. Gruva stengte i 1945 og smelteverket stoppa for godt 10. april 1946. Evje kommune tok vederlagsfritt over dei fleste av eigedomane til Raffineringsverket AS. Kommunen kjøpte resten av selskapet sine eigedomar, mellom desse industriområdet på Verksmoen så seint som i 1973.
Kjelder
- Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, kapittel 22, side 419 flg.
- Olav Arne Kleveland, Flot nikkelgruve - Evje nikkelverk, hefte utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, 2000