Austre Lognevatnet

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 9. desember 2021 kl. 23:45 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet skrivefeil i bildetekst)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Austegard aust for Lognavatn 14. juli 2017.

Austre Lognevatnet er eit tidlegare gardsnamn ved Lognavatn i Åseral. Det omfatta fram til slutten av 1500-talet det som i dag er Austegard, Espelid og Håvestøl. I skattelistene for 1600–1601 er både Espelid og Håvestøl nemnt som øydegardar. Dei er då truleg blitt skilde ut frå storgarden Austre Lognevatnet. Men Austre Lognevatnet heldt seg som gardsnamn lenge endå. Først i 1801 er namnet Austegard (Østergaard) tatt i bruk.

Som ein motsetnad til Austre Lognevatnet heitte garden på vestsida av vatnet Vestre Lognevatnet.

Kjelder