Kvipt
Kvipt er ein gamal heiegard øvst i Birtedalen i Fyresdal. Han er ein av dei eldste gardane i Fyresdal, med røter truleg tilbake til vikingtida. I dag er det ikkje vanleg gardsdrift på Kvipt lenger. Men eigarane flytter opp til garden og er der om sommaren. Då driv dei garden som ein gjestegard. Det har vore heieveg frå Setesdal via Grøssæ til Kvipt frå langt tilbake i tid. Kvipt er eit fint utgangspunkt for turar inn i Setesdal Austhei og til Aust-Agder Turistorening sine hytter i området.
Kjelder
- Johan Christian Frøstrup (red.), Vandringer i Setesdal Austhei, Friluftsforlaget, 2014, side 291–295, side 140