TT Anlegg

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 21. november 2021 kl. 08:35 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet skrivefeil)
Hopp til navigering Hopp til søk

TT Anlegg er ein entreprenørselskap (AS) og den største maskinentreprenøren på Sørlandet. Arbeidsområda er mellom anna anlegg (grunnarbeid, massetransport, fjellsprenging mm. for alle førermål), samferdsle (grunnarbeid for veg, jernbane, flyplassar og kaianlegg), kraftanlegg (bygging og rehabilitering av fyllingsdammer m.v.) og bygging av næringsbygg og fritidsbustadar. Hovudkvarteret er i Doneheia i Mandal. Tom Eikså er dagleg leiar. Det er rundt 360 tilsette i selskapet (2020).

TT Anlegg er hovudentreprenør for bygging av Fennefoss kraftverk i Fennefossen i Evje og Hornnes 2020–2023. Firmaet var også hovudentreprenør for rundkøyringa på Riksveg 9VerksmoenEvje, som blei offisielt opna 19. november 2021.

Historie

Selskapet blei etablert i 1960 i Marnardal, då under namnet Terrengtransport.

Kjelder