Engen kalkanlegg

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. oktober 2021 kl. 05:50 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Engen kalkanlegg 21. oktober 2017.

Engen kalkanlegg er eit kalkdoseringsanlegg i Dåsåna ved EngenbruaUleberg i Dåsvannsdalen i Hornnes. Byggherre er Evje og Hornnes kommune. Kommunen har også ansvar for drift og vedlikehald av anlegget. Men byggekostnadane blei dekka av Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder. Smeland Byggservice stod for oppføring av anlegget (2017). Grunnarbeida blei utførte av Austenaa Transport.

Eit tilsvarande anlegg ligg litt lenger sør i Dåsvannsdalen, i Skjerka rett nedstraums Uleberg kraftverk. Dei to anlegga skal sikre jamnt, naturleg pH-nivå i Dåsånavassdraget, som frå gamalt av er eit naturleg gyte- og leveområde for byglandsbleka. Automatisk styring skal syte for å tilføre rett mengde kalk til elva i forhold til målt vassføring og pH.

Kjelder