Berg (Åseral gnr. 3)
Berg er ein gard i Kyrkjebygd i Åseral.
Innmarka ligg på sletta mellom elvane Logna og Monn, sentralt i bygda. Her har kyrkja stått, og her ligg prestegarden. Utmarka er sterkt samanblanda med utmarka til nabogarden Austrhus. Det kan tyde på at desse to gardane i si tid har vore ein gard. Kva tid denne storgarden har blitt delt i to gardar veit ein ikkje visst. Men Austrhus er nemnt første gong i skriftlege kjelder i 1506. Nabogardar i vest er Åsland og Forgard.
Kjelder
- Tarjei Liestøl, Åseral Gard og Ætt, bind I, 1976, side 123–164