Liv Gyro Brokke Homme

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 15. september 2010 kl. 13:24 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (ein start)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Liv Gyro Brokke Homme (fødd 10. desember 1960 i Kristiansand) er lærar på Valle skule. Ho gjekk på vidaregåande skule på Hornnes og tok deretter sekretærskule i Kristiansand. Så jobba ho eit år på sosialkontoret i Valle og tok deretter førskulelærarutdanning på Kristiansand lærarhøgskule frå 1981 til 1984. Deretter hadde ho engasjement i ulike stillingar i Valle kommune innan barnehage og sosialetat. I 1996 starta ho deltidsutdanning for å verte sosionom og samstundes tok ho 1. avdeling i spesialpedagogikk. Ho var ferdig utdanna sosionom frå Diakonhjemmet i Oslo i 2000. Ho held fram med masterstudium i familieterapi og systemisk praksis. Samstundes jobbar ho i barnevernstenesta i Valle, men begynte som lærar på Valle skule hausten 2009. Der arbeider ho med framandspråklege elevar.