Røysland gravfelt
Røysland gravfelt er eit stort gravfelt på Røysland heilt sør på Straume i Hylestad i Valle. Det er registrert minst 19 røyser i feltet. Det er både langrøyser og rundrøyser. Dei er bygde opp av stein. Nokre av røysene er rydningsrøyser. Røysene ligg rundt ei hustuft. Busettinga i gardsanlegget er ikkje nøyaktig datert, men feltet er frå jernalder.
Kjelder
- Kulturminnesok.no
- Leonhard Jansen, Ingvild Paulsen og Nils Ole Sundet (red.), Spor i Setesdalsjord, Bokbyen Forlag, 2014, side 58 og side 61
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 67