Haugan (Valle gnr. 70 bnr. 6)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. april 2021 kl. 18:38 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Byttet bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Haugan 23. april 2021.

Haugan er eit gardsbruk (gnr. 70 bnr. 6) på Helle i Hylestad. Det ligg lengst sør på Helle, rett på oversida (vestsida) av Riksveg 9. Eigar er Egil Åmlid. Det er nytt sauefjos på bruket, med plass til meir enn 350 sauer.

På gardsbruket står eit gamalt loft (stabbur). «Det er eitt av dei venaste og best bygde i dalen», skriv Alfred Ryningen i gards- og ættesoga for Hylestad. Det skal vere reist av den medgjetne tømmermannen Knut Torjusson Helle (ca 1696-1766). Loftet blei freda av Riksantikvaren i 1941. Den eldste delen av våningshuset på eigedomen er frå 1600-talet.

Kjelder