Joseph Frantz Oscar Wergeland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. november 2020 kl. 19:04 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Joseph Frantz Oscar Wergeland (fødd 17. november 1815 i Kristiansand, død 19. august 1895 i Kristiansand) var ein norsk offiser og karttegnar. Han er mest kjend under namnet Oscar Wergeland eller som general Wergeland. Han var bror til blant anna poeten og forfattaren Henrik Wergeland og forfattaren Camilla Collett.

Oscar Wergeland var kanskje den som fyrst tenkte tanken om dampbåtfart på Kilefjorden. Han hadde kennskap til både skipsfart, kommunikasjon og handel, skriv Torgeir Moseid i Frå kveg til cruise - DS Bjoren 150 år. Gjennom kjenningen oberst Henriksen var han også kjend med planane om oppstart av eit nikkelverkEvje. Dette gav grunnlag for eit dampbåtprosjekt på Kilefjorden.

Kjelder