Olav M. Holen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 12. desember 2012 kl. 14:10 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Olav M. Holen)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Olav M. Holen (fødd 1942) var kommunelege i Valle frå 2000 til 2007. Han er frå Holen, ein av gardane ved Bossvatnet som vart neddemd i samband med kraftutbygginga i Bykle. Han gjekk to vintrar på Bygland landbruksskule. Sidan tok han gymnaset og studerte medisin. Han var ferdig lege i 1973.

I 2000 flytta han heim til Bykle, der han i 1995 hadde overteke heimegarden. Etter kvart har han restaurert bygningane på garden og på støylen Holskrone i Støyledalen. Ut frå støylen driv han eit sommaropplegg der gjester kan få oppleve natur, kultur og tradisjon. Han har vore spesielt oppteken av medisinplanter og bruken av dei. Han er også oppteken av bygdeutvikling og bruken av ressursane som finst i bygdene. Dette har han fortalt om i fleire program i Valle Radio. I 2012 gav han ut ei bok med minne frå oppveksten i Nordbygdi i Bykle.

Bibliografi

Eksterne lenker