Ingrid Kvaale
| Ingrid Kvaale | ||
|---|---|---|
| Født: | 23. oktober 1932 | |
| Død: | 13. mai 2020 (87 år) | |
Ingrid Kvaale (fødd Kummen 22. oktober 1932, død 13. mai 2020) var heidersmedlem i Bygland Bygdekvinnelag. Ho vart heidra med diplom og blomar på årsmøtet i laget 25. oktober 2004. Ingrid Kvaale har vore aktiv i laget i eit par kvinnealdrar, ho var leiar i 1970 og har vore innom dei fleste andre styreverva med. Ingrid skreiv og ei mengd med prologar, songar og kommentarar i lagsavisa, tok mange tak i praktiske arbeidsoppgåver og la låma for Byglandskalenderen.
Ingrid var enke etter Svenn Kvaale. Ho budde på Byglandsheimen den siste tida og etterlet seg borna Elin, Åslaug, Torbjørg, Rønnaug og Guro, svigerbarn, barnebarn, oldebarn og annan familie. Gravferda var frå Bygland kyrkje fredag 22. mai 2020 klokka 12. Samling i kyrkja var grunna koronakrisa bare for dei nærmaste. Andre var velkomne til å vere saman med familien ved grava.
Kjelder
- Magnhild Rygg: Ingrid Kvaale heidersmedlem. Artikkel i Setesdølen nr. 95, 2004 side 3
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VII, utgjeve av Bygland kommune, 2012, side 306
- Dødsannonse i Setesdølen nr. 37, 2020 side 2
- Sigurd Haugsgjerd: Ingrid Kvaale til minne. Artikkel i Setesdølen nr. 37, 2020 side 17