Anne-Cathrin Eldhuset

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. september 2020 kl. 15:17 av Knu-eldh (diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Anne-Cathrin Eldhuset
Født: 6. oktober 1962 (63 år)

Anne-Cathrin Eldhuset er leiar for legevakta i Nittedal kommune. Ho gjekk ut frå Bjertnes Videregående skole i Nittedal i 1981. Sjukepleiar utdanninga tok ho ved Menighetssøsterhjemmet i Oslo, og ho blei offentleg godkjend sjukepleiar i 1985. I tidsromet 1985-1999 arbeidde ho ved avdeling for hjarteovervåking ved Lovisenberg Diakonale sykehus i Oslo. I 1999 fekk ho jobb ved legevakta i Nittedal kommune og har vore der sidan. I 2020 blei ho tildelt omdømmeprisen av Nittedal kommune for sin innsats som avdelingsleiar for legevakta.

Ho er oppvaksen i Nittedal der foreldra budde frå ho blei fødd. Far hennar er Knut Jarl (1928-2020) frå Stamsund i Lofoten, og mor hennar Kirsti Jarl (1930) er frå Leknes i Lofoten. I 1985 gifta ho seg med Knut Eldhuset (1958), og dei har sidan då budd i Nittedal. Kvar påske og sommar sidan 1985 har dei vore på ferie i Åraksbø. Ho er difor godt kjend i Setesdal.


Eksterne lenker