Klassisk i Setesdal

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 14. august 2020 kl. 07:26 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til et par kategorier)
Hopp til navigering Hopp til søk

Klassisk i Setesdal var ein festival over fire dagar med klassisk musikk og kyrkjemusikk i Setesdal.

Program

Torsdag 13. august 2020

Opningskonserten er torsdag 13. august i Valle kyrkje med Kåre Nordstoga, domorganist i Oslo, som blant anna spelar nokre av sine egne folketonepreludium.

Fredag 14. august 2020

Fredag kjem Fjære kammerkor til Bykle kyrkje med organist Andrea Maini som dirigent.

Laurdag 15. august 2020

Laurdag får vi oppleve Kristiansand Sinfonietta i Valle kyrkje. Dei skal m.a. framføre Joseph Haydns «Jesu sju siste ord på korset».

Seinare same kvelden har cellist Jasper Havelaar ein solokonsert der to av Bachs cellosuiter er på programmet.

Sundag 16. august 2020

Festivalen sluttar sundag med ein stor konsert i Bykle kyrkje der ein gruppe av musikarar frå Kristiansand Symfoniorkester skal framføre m.a. Carl Nielsens Blåsarkvintett.

På denne konserten vert det òg ein markering av 250-årsdagen for Ludwig van Beethoven med hans store Septett i Ess-dur for strykere og blåsere.

Generell informasjon

Festivalen vert gjennomført under omsyn til gjeldande korona-restriksjonar. Difor er det òg berre ei avgrensa mengd billettar som er lagde ut for sal. Ein oppmodar alle om å kjøpe billett på førehand. Det er berre mogleg å kjøpe eit festivalpass som gjeld for alle fem konsertar. Dersom det er ledig kapasitet, vil det vere mogleg å kjøpe enkeltbillettar i døra før konsertane.

Arrangør

Festivalen vert arrangert av Den norske kyrkja i Bykle, Valle og Hylestad i samarbeid med ei rekkje sponsorar og samarbeidspartnarar, m.a. Valle Sparebank og Sparebanken Sør som er hovudsponsorar.

Kjelde

  • Omtale på Facebooksida til kyrkja i Bykle og Valle