Politisk lågtrykk i Aust-Agder
Politisk lågtrykk i Aust-Agder var eit dikt av OSM. Diktet var illustrert av Yngvar Uleberg.
Teksten
I bladet Aust-Agder skriva stod
at alt for lenge sat Faremo.
Stortingsalen treng nye menn
og i Osmund er det for lite spenn.
Ho Astrid Gjertsen, den danske fyrkje
no helst bør fp seg eit anna yrkje.
Og Høgre nok hev av andre kvende
som fyller romet etter slikt elende
Johannes Vågsnes, ein tagal mann,
som tagde tolsam når noko brann.
Om abort og brennevin og anna stygt
bør meir han preike med fynd og frykt.
Men Øyvind Bjorvatn si bru nok brende
då han bort frå Venstre so brått seg vende.
I DNF var det trongt om palssen
so Helge Sleipe datt sjølv i dassen.
Kjelde
- Setesdølen nr. 76, 1980 side 4