Else Gyro Rysstad

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. mai 2020 kl. 17:23 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Ei frå Rysstad)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Else Gyro Rysstad
Født: 21. oktober 1960 (65 år)

Else Gyro Rysstad (fødd 21. oktober 1960) er lærar på Fjellgardane skule og ein sentral person i Bykle og Hovden teaterlag. Ho vaks opp på Rysstad. I 1980 gjekk ho på Fjellhaug bibelskole i Oslo der ho studerte leiartrening, musikk og studentfag.

Else Gyro Rysstad kom til Hovden som lærar i 1984. I 1989 gifta ho seg med Olav Skinnarland, og i ein periode på 1990-talet budde og dreiv dei hotell på Møsstrond, der han kjem frå.

Engasjement

Alt medan ho budde i Valle var ho med i styret i Valle mållag, og det engasjementet har halde seg, så ho har hatt mange verv i Bykle mållag. I tillegg til Bykle og Hovden teaterlag har ho vore engasjert i sundagsskule, musikkorps, husflidslag, fagforbund og Bykle sokneråd.

Prisar

Kjelder