Hopp til innhald

Frå høge nord

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. mai 2020 kl. 23:17 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Frå høge nord)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Frå høge nord er eit dikt av Astrid Moi, Ho budde i Narvik i tre år frå 1989.

Eg vil så gjerne ein helsing sende,
mi' tankar går til så mange kjende.
No ser eg soli på høge tind
og snart skin ho atter i stoga inn.

Mørketida må atter vike
for ljos og sol yv' natur så rike.
Soli blender den kvite topp
og dei kvite gaton, dei lyser opp.

Den mørketidi ho kan ver' tunge
når aldri ljoset seg fram fær tvinge.
Men no som soli har kome att,
no det går så fort mot den ljose natt.
Den korte våren meg alltid undrar
før ein går at - er det ljose sumar.
Snart skine soli bå' dag og natt
og ein gløymer heilt det var mørkt og kaldt.

Kjelde