Kyrkjebladet for Åseral, Evje og Hornnes
Kyrkjebladet for Åseral, Evje og Hornnes er eit felles kyrkjeblad for Åseral sokneråd og Evje og Hornnes sokneråd frå 2020. Det første nummeret, nr. 1, 2020, kom ut i mars 2020. Planen er fire nummer kvart år; påske, sommar, haust og jol. Bladet blir sendt til alle husstandane i dei to kommunane, og til utanbygds lesarar som har bede om å få det tilsendt. Økonomien er tufta på frivillig innsats frå redaktør og redaksjonskomité, annonseinntekter og frivillige bladpengar.
Kjelder
- Kyrkjebladet for Åseral, Evje og Hornnes, nr. 1, 2020, side 2