Vidmyr naturreservat

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 21. februar 2020 kl. 09:17 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Vidmyr naturreservat er eit 9583 dekar stort naturreservat i Bykle kommune. Det vart oppretta 5. september 1986, og ligg nord for busetnaden på Hovden. Det strekk seg frå Riksveg 9 sør for Lislevatn naturreservat vestover til det møter Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane landskapsvernområde. I aust grenser det til Hovden landskapsvernområde.

Området er eit stort myrkompleks med bakkemyrer og strengemyrer. Lengst aust er det flatmyr. Vegetasjonen er fattigmyrvegetasjon med bjørneskjegg og blåtopp som dei vanlegaste artane, men det finnast og rik vegetasjon. Store delar av Vidmyr var slåttemark til etter 2. verdenskrig, og det var planar om å dyrke opp delar av området før det blei freda.

Forvaltningsmyndigheit for området var opphaveleg Fylkesmannen i Aust-Agder. Frå 2015 er dette endra til verneområdestyret for Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane landskapsvernområde.

Kjelder

  • Artikkelen om Vidmyr naturreservat på Wikipedia (bokmål), vitja 21. februar 2020
  • Forskrift om Vidmyr naturreservat
  • Vidmyr naturreservat i Miljødirektoratets nettstad Naturbase
  • Om endring av forvaltningsmyndigheit hos nasjonalparkstyre.no