Lunden Ose (Bygland gnr. 15 bnr. 17)
Lunden er ein liten eigedom (gnr. 15 bnr. 17) midt i sentrum på Ose i Bygland. Han var først ein husmannsplass for Tarald Mikkjelson Flårenden (f. 1842, d. 1917). Tarald kom til Ose frå Flårenden i Valle i 1903. I 1924 blei plasset frådelt, og fekk bnr. 17. Delar av våningshuset er svært gamalt, og skal vere frå ei årestoge med ljore i taket. Eigedomen er framleis i bruk, nå som fritidsbustad.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind III, utgjeve av Bygland kommune, 2005, side 607-611