Destinasjon Hovden

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 8. februar 2020 kl. 08:03 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Oppdatert med nytt styre 2019)
Hopp til navigering Hopp til søk

Destinasjon Hovden er destinasjonsselskapet for Hovden og Bykle. Selskapet driv også turistkontoret for Bykle kommune og er koordinator for løypeprepareringa i kommunen. Kontoret er i Hovdetun i Hovden sentrum. Selskapet har fire tilsette. Destinasjonssjef er Roy Bakke. Han overtok etter Lasse Eidskrem i 2018. Selskapet har mange samarbeidspartnarar; om lag 60 bedrifter støtter arbeidet med å utvikle Hovden som ein heilårs reiselivsdestinasjon.

Destinasjon Hovden blei skipa i 1985, med då under namnet Hovdenferie AS. Bykle kommune eig ca 99 % av aksjane. Den siste prosenten har Setesdal Regionråd.

Styre

I 2020 er desse med i styret: Tallak O. Hoslemo (leiar), Frode Verpe, Roar Hjelmeset, Kirsten Leira og Ann-Torill Briksdal.

Styret i 2018: Frantz A. Nilsen (leiar). Styremedlemer: Roger Hagel Sørli, Kristin Sæthre Bondevik, Ann-Torill Briksdal og Håkon-Andre Andersen.

Styret i 2017 var Odd Grønberg (leiar), Ole P. Bruun (nestleiar), Uwe Arntzen (styremedlem), Ann-Torill Briksdal (styremedlem), Signe Sollien Haugå (styremedlem) og Pål Martens Bratland (styremedlem). Varamedlemmer med møterett: Bjørn Erling Auestad og Marcin Matysik.

Kjelder

Eksterne lenker