Ærdalsbassenget

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Ærdalsbassenget er eit tidlegare drikkevassbasseng i Hornnes, langs stien mellom Hornnesheimen og utkikkspunktet Masi. Lokale frivillige har rydda fint rundt bassenget og laga bålplass m.v.
Ærdalsbassenget er eitt av turmåla i Reumatrimmen, eit turopplegg i regi av Setesdal Revmatikerforening.
Historie
Då Evjemoen blei bygd ut som ekseserplass rundt 1913, blei det lagt vassledning frå Erdalstjønna over Otra til Evje-sida. Tjønna blei demt opp til vassbasseng. På den tida var det ein husmannsplass i Erdalen. Husa blei flytta lenger mot aust, inn på Fennefoss-garden si mark.
Kjelder
- Kart på nettsida til Statens Kartverk
- Reumatrimmen, brosjyre
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, gards- og ættesoge, 1969, side 187