Hopp til innhald

Ragna Kallhovd

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 15. november 2012 kl. 22:42 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Ragna Kallhovd)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Ragna Kallhovd (fødd 1926 i Åseral) fekk Frivilligprisen 2012 i Evje og Hornnes kommune under ei markering av det frivillige arbeidet i kommunen laurdag 10. november 2012. Ho flytta til Støylen i Hornnes i 1960 og engasjerte seg i Hornnes Husmorlag og deira arbeid for folk som budde på Hornnesheimen. Frå 1982 til 2012 hadde ho kvar veke tur med handlevogn til bebuarane på heimen og då gamleheimen der vart lagd ned, flytta ho rundane sine til Evjeheimen. Etter at helsa svikta i april 2012, måtte ho slutte med trillevogna, men ho er framleis engasjert som besøksvenn.

Kjelde

Eksterne lenker