Ingrid Kvaale
Ingrid Kvaale (fødd 1932) er heidersmedlem i Bygland Bygdekvinnelag. Ho vart heidra med diplom og blomar på årsmøtet i laget 25. oktober 2004. Ingrid Kvaale har vore aktiv i laget i eit par kvinnealdrar, vore innom dei fleste styreverva, skrive ei mengd med prologar, songar og kommentarar i lagsavisa, teke mange tak i praktiske arbeidsoppgåver og lagt låma for Byglandskalenderen.
Kjelde
- Ingrid Kvaale heidersmedlem. Artikkel i Setesdølen nr. 95, 2004 side 3