Muggsloptet
Muggsloptet er eit gamalt loft (stabbur) frå mellomalderen på bruket Innistog Byklum i Bykle kyrkjebygd. Loftet er tidfesta til å vere frå før år 1350. Det er det eldste landbruksbygget i Bykle, og den einaste bygningen som er freda etter kulturminnelova i Bykle kommune. Loftet har namn etter Mugg Byklum, som etter segna skal vere rudkallen på Byklum.