Søgne
Søgne var ein kystkommune i Vest-Agder. Kommunen grensa mot bykommunane Mandal i vest og Kristiansand i aust, og mot Songdalen i nord og Marnardal i nordvest. Kommunesenteret låg på Tangvall. Tettstaden Søgne hadde 9 957 innbyggjarar per 1. januar 2019. Kommunen blei slegen saman med kommunane Kristiansand og Songdalen frå 1. januar 2020.