Då jolesynda kom til Jordalsbø

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. oktober 2012 kl. 21:40 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Då jolesynda kom til Jordalsbø)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Då jolesynda kom til Jordalsbø er eit dikt av Paal Vollen. Det stod i Setesdølen nr. 98, 2004 side 3 og hadde kommentaren: Jolesynd 75 år sidan.

Frå gamle dagar
eg minnest best
eit syndig innslag
ei jolefest.
Ein stumfilm sveivd
av ei framand dame
med jolenissar
som i reklame
Ei ny tid
liksom banka på:
-Ei levande teikning
so fekk me sjå.
Og nokre veit eg
då tala om
at synda dengong
til jola kom...