Gardefjellet naturreservat

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. august 2019 kl. 23:04 av Knu-eldh (diskusjon | bidrag) (Ny side: miniatyr|venstre| (Bilete 1) Gardefjellet naturreservat skravert . {{Byline|[[Knut Eldhuset (1958)}}]] Fil:Gardefjellet 8 juli 2018 .jpg|min…)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
(Bilete 1) Gardefjellet naturreservat skravert .
(Bilete 2) Gardefjellet som stig opp frå Grøssæ .
(Bilete 3) Kilsfossen mellom Kilsvatn og Vånarosen.
(Bilete 4) Vestre Kile ved Kilsvatn.
(Bilete 5) Drivslid 8. oktober 2017.

Gardefjellet naturreservat ligg i eit område som strekkjer seg frå Topsæ oppover Kjyddingdalen over Gardefjellet vest for Grøssæ og nordover til Straumsfjorden. Grensa til reservatet går langs Grønåne som renn frå Grøssæ til Topsæ. Reservatet er vist i kart henta frå Miljødirektoratet. På Miljødirektoratet si side er lista opp 29 områder som blei verna av Kongen i statsråd den 21. juni 2019, deriblant Gardefjellet naturreservat. Dette er frivillig vern for grunneigarane av gnr./bnr. : 30/1, 32/7, 30/4, 17/2, 14/2, 13/8, 13/1, 13/2, og 13/9. Dette kan ein finne ut ved å bruke norgeskart.no, markere ein stad i kartet, klikke på «SE EIENDOMSINFORMASJON», og så huke av på «MARKER EIENDOM».

Bilete 1 viser eit kart der området for reservatet er skravert og med markeringar for Bilete 2-5 (B 2 - B 5). Bilete 2 viser austre del av Gardefjellet der det stupar rett ned i Grøssæ. Bilete 3 viser Kilsfossen som ligg mellom Kilsvatn og Vånarosen. Olav Olson Mo (1869-1965) som budde på bnr. 2 Søndre Kile frå 1904 til1951 hadde sag her. Sigvart Kile (1902-1977) bygde både våningshus og uthus på bnr. 1 Nordre Kile under krigen. Det blei skore planker til Grøssæstemmen og Topsæstemmen på denne saga. Bilete 4 viser gnr. 17 Kile (Bygland) som ligg utanfor reservatet. Dei to husa på jordet til venstre er bnr. 1 Nordre Kile og bnr. 3 Øvre Kile og huset på jordet til høgre er bnr. 2 Søndre Kile. Bilete 5 viser området rundt støylen Drivslid og Drivslidfjellet. Støylen tilhøyrer Der heime (Nordre Austad) og er kulturlandskap og høyrer ikkje til reservatet.

Kjelder

Kart

Laster kart ...