Hasla
Hasla er ei sølvsmedverksemd med 15 tilsette i Valle i Setesdal. Hasla vart etablert i 1982 under namnet «Hasla Setesdalssylv» i kjellerstova til Grete Fossen og Ørnulf Hasla. Men verksemda vaks fort og måtte alt i 1984 flytte til Valle sentrum.
Verksemda arbeider med sølv til bunad, men nesten 40% av produksjonen går til eksport, mellom anna til Epcot-senteret i Florida. Ein har mange lærlinger og lærer opp unge i sølvsmedfaget. Gjennom samarbeid med Valle vidaregåande skule si linje for utdanning av sølvsmedar har Hasla god tilgang på lærlingar.
I 2007 lanserte Hasla kolleksjonen Cross my heart etter eit samarbeid med industridesignar Cathinka Dysthe. Det var første gong ein industridesignar designa smykke. I 2010 opna Hasla butikk i Oslo.
Merkevarebygging
Hasla har vore oppteken av merkevarebygging og leverte difor søljer til «Team Tuva» i Det store korslaget på TV2 i 2010. Hasla har vore medviten om å bruke nynorsk i marknadsføringa si. På Setesdalskonferansen 2011 vart det presentert ein film om Hasla.
Priser
Hasla har fått:
- «Merket for God Design» frå Norsk Designråd i 2005, for grafisk profil og merkevarebygging.
- Årets Håndverksbedrift 2009 frå NHO
- Målprisen til Valle mållag 2012