Valletunet

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Valletunet er eit nytt kombinert forretnings- og leilegheitsbygg ved Riksveg 9 rett nedanfor (vest for) Valle sentrum. Selskapet UNO AS ved Gunnar Greibrokk frå Hornnes står bak utbygginga. Coop er inne i bygget med ein stor matvarebutikk. Margit Dale på Systog Dale opna 13. april 2019 kafé og butikk for lokal mat, Nordibø Landhandel. Det skal også vere fleire bueiningar i bygget.
Forretningsbygget Valletunet må ikkje forvekslast med tunet der mellom anna Valle Radio og Valle og Bykle lensmannskontor ligg. Det blei også i si tid kalla Valletunet.