Terrassen Pub

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 12. april 2019 kl. 08:28 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Oppdatert etter nedlegging)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Terrassen Pub var ein serveringsstad på Evje. Terrassen Pub låg like sør for Dølen Hotel. Knut Smeland kjøpte Terrassen Pub i mai 2013 av Colin Morgan, som då hadde drive puben i 10 år. Smeland satsa på mat i tillegg til drikke og serverte tradisjonskost så vel som spesialrettar. Han hadde også sjømat på menyen, både sushi, skalldyr og fiskerettar. Opningstida var variert og strakk seg frå klokka 12 middag til halv to natt, litt etter kva vekedag det var tale om.

I 2016 opphørte drifta til Smeland. Han leigde ut lokala til Audun Forgard, som starta opp puben Komst her.

Kjelder

Eksterne lenker