Mele

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. oktober 2012 kl. 22:14 av Reidar T (diskusjon | bidrag) (Ny side: '''Mele''' er namnet på ein tidlegare buplass som nå, i 2012, er attgrodd. Staden ligg på vestsida av Byglandsfjorden, beint over frå Lauvdalsodden, mellom Skjevrak og [[...)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mele er namnet på ein tidlegare buplass som nå, i 2012, er attgrodd. Staden ligg på vestsida av Byglandsfjorden, beint over frå Lauvdalsodden, mellom Skjevrak og Nånes.

Eingong ein gard

Før Svartedauden herja i Noreg, så var Mele ein sjølvstendig gard. Men i eit dokument frå 1529 vart Skjevrak og Mele jamstella som to øydegardar. I seinare tid vart Mele til ein del av Skjevrak, som ligg litt lengre nord.

Litt frå soga om Mele

Gustav Christian von Colditz med familie heldt til på Mele frå 1720 til 1750. Dette var ein mektig kar som hadde part i mange gardar, og kona hans vart ofte nytta som fadder hjå dei større bøndene. I 1747 vann von Colditz ei sak mot Olav Hamre om ærekrenking. Seinare kom det fram at skuldingane hamremannen hadde sett mot son til Colditz, Frantz Frederich, var sanning.

Jørund Åsmundson Breivoll var fødd i 1770, og gift med Kristi Åsmundsdotter. I år 1800 fekk han leige Mele av Olav Grundeson, og slo seg godt opp der. Ein reiknar med at staden var velhalden etter at kaptein Colditz hadde drive der tidlegare. Sjølv om dette då var ein husmannsplass, så fekk kvar av dei 7 døtrene til Jørund Breivoll kvar si ku i medgift etterkvart som dei vart vigde. På sine gamle dagar gifta han seg oppatt, då med Anne Olavsdotter. Dei fekk 3 born, Anne, Knut og Olav.

Olav Jørundson Mele skilde seg ut frå folk flest på den tida. Han vart omtala som fåmælt, stille, fredsam, gjestmild og venesæl. Det var tydeleg at han hadde eit godt hovud, for han las mykje, helst om naturhistorie, og hadde meir bøker enn det som vanleg var på den tida. Han grubla og fundera over mangt, og vart ein føregangsmann når det gjeld fruktdyrking. Olav Jørundson Mele kom til verda i 1848, men fekk seg aldri nokon familie, og levde åleine til han døde i 1918. I si slektsbok skreiv han: «Olav Mele, er og bliver Pebersvend.»

Berre namnet att

Forfallet sette inn, og det er lenge sidan husa vart borte på Mele. Men frukttrea bar godt i mange år sidan. I dag går fylkesvegen nedanfor der husa ein gong sto, og ein skogsbilveg fører gjennom Mele, og opp til Bytingsbekken inne på heia ovanfor.

Kjelde

Reidar Bolling: Gards- og ættesoge for Bygland 1939/1952, side 316-317.

Kart

Laster kart ...