Ånund B. Åkre

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 1. februar 2019 kl. 20:50 av Knu-eldh (diskusjon | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ånund B. Åkre
Født: 24. oktober 1889
Død: 1985 (alder 95–96)

Ånund Bjugson Åkre (fødd 24. oktober 1889, død 1985) var gardsarbeidar, offiser, bank formann og revisor i Valle.

Ånund var fødd i Nordigard Åkre. Han var son til odelsbonden Bjug Torleivson Aakre (f. 1849, d. 1939) og kona Birgit Olsdotter Åkre (f. Heistein, 1860, d. 1946).

Han gifte seg i 1921 med Birgit Bjørnsdotter Kveste (bnr 1) ( f 1899). Oldefar til Birgit var Eidsvollsmannen Olav Knutsson Tveiten. Dei hadde 6 born saman: Birgit (1922), Bjug Aa. Aakre (f. 1925), Tone (f. 1929), Bjørn (f. 1934), Inger Å. Åkre (f. 1936) og Olav (f. 1942). Birgit gifte seg i 1948 med Hallvard Eldhuset i Åraksbø .

Ånund gjekk underoffiserskulen i Kristiansand i åra 1907-1910. I 1912 tok han eit kurs ved Treiders handelsskule i Oslo. Då han reiste til Oslo gjekk han på ski over heia frå Valle til Bandaksli i Telemark i sprengkulde. I 1916 vart han fastlønt sersjant ved Agder infanteriregiment. Han var også lærar i Bykle ein vinter i 1917. I 1930 vart han fenrik og i 1935 løytnant.

Ånund kjøpte gnr 42 Prestegarden bnr 11 og 13 Skeidvodden i 1925. Denne selde han att i 1934 til bror sin Torjus Åkre. Svigermor hans kjøpte gnr 54 Kveste bnr 1 Sygard på auksjon i 1934 og overlet garden til Ånund. I 1940 kjøpte han gnr 45 Rike bnr 7 Skumstein.

Ånund var heradskasserar i Valle i 6-7 år. Han var og ei tid med i Valle heradstyre. Han kom inn i forstandarskapet i Valle Sparebank i 1928 og gjekk over i styret i 1934 der han var formann frå 1944 til 1961. Han var revisor i Valle handelssamlag i 36 år og styrar ei tid av Valle Handelssamlag.

Kjelder