Vollan Kjetså (Evje og Hornnes gnr. 17 bnr. 2)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. januar 2019 kl. 08:38 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Vollan Kjetså 311210.jpg
Vollan i framgrunnen. Bak til venstre det nedlagte småbruket Skarkleiv. Til høgre bustadhuset til Alf Georg Kjetså.

Vollan er eit gardsbruk i ØvregardenKjetså i Hornnes.

Historie

Bruket kom til ca. 1851, då grunnen blei fråskild bnr. 1 på Øvre Kjetså. Noko jord kom også frå bruket Der Inne Aust på Nedre Kjetså. Første eigaren var Ola Alfson Kjetså. Sonen Alf Olson Kjetså overtok bruket etter faren. Han var mellom anna ordførar i Hornnes kommune i seks år (1902-1907). Etter Alf Olson overtok sonen Olaf Alfson Kjetså bruket. Etter Olaf igjen hadde sonen Alf Georg Kjetså bruket. Alf Georg er pensjonert rektor og ein kjend kulturberar i Evje og Hornnes. Men Alf Georg bygde seg ny bustad på garden for mange år sidan, og sonen Olaf Kjetså har eigedomen i dag.

Kjelder