Birkeland (Evje og Hornnes gnr. 5)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. januar 2019 kl. 08:00 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Birkeland og Krossen, med Evje tettstad i bakgrunnen.
Utsyn utover Birkeland frå Skardefjell.

Birkeland er ein gard (gnr. 5) på vestsida av Otra, mellom gardane Moseid i nord og Fennefoss i sør-vest, i Evje og Hornnes. I vest, høgt oppe i heia over Otra, grensar garden til Ås. På andre sida av Otra ligg Evje tettstad.

Birkeland er eit veldig vanleg gardsnam på Agder. Det tyder «grunn der det veks bjørk».

Professor N. Nicolaysen har grove ut åtte gravhaugar på Birkeland (1882). Gravene blei tidfesta til 6. århundre e. Kr. Garden går difor temmeleg sikkert heilt tilbake til folkevandringstida (400-600 e. Kr.).

Det tettbygde stroket Krossen vaks fram på Birkeland grunn på første halvdel av 1900-talet.

Kjelder